Evig liv

P R I M O  ( E V I G  L I V  I )

Luft. Før eg vart fødd, var eg luft. For foreldra mine var eg ein ide. Ein plan. Eg veit at det var slik, for eg har spurt dei om eg var gjenomtenkt. Det var eg. Eg kom berre litt seinare enn dei hadde tenkt. Storebroren min måtte være på plass først. Det seier seg sjølv. Men då eg kom, var eg meir enn velkommen. Som gjesten på festen der du er vert. Etter desse minutta etter at tida er passert og ingen endå er komne. Så kjem gjesten endeleg og gleda fyller huset.

 

S T E I N V Å G E N

Om tre minutt er det over. I ei havn i eit framand land. Du har varm kaffi i di hand. Om tre minutt er det over. Men du veit det ikkje no. Flya kjem over fjella, men alt du kjenner er ro

Om tre minutt er det over. Du er den framande makt. For det har stemma frå London sagt.

Nittenførtifem – under to månader igjen – Steinvågen – Steinvågen

Om to minutt er det over. Du har rett alder og er rett mann, men for feil sak og for feil land. Om to minutt er det over. Alt du ville var å kaste loss. Så vart du sendt ut for å sloss. Om to minutt er det over. Kan ikkje vente på å sjå ho på ny. Og endeleg leite fram orda, som vart gøymt bort i eigen by

Nittenførtifem – under to månader igjen – Steinvågen – Steinvågen

Om ett minutt er det over. Du kjenner ikkje ro. Flya kjem over fjella, skal du aldri sjå igjen ho?

Om ett minutt er det over. På dekk med alle mann. Du har eit ladda våpen i di hand. Om ett minutt er det over. Du veit det sikkert no. Flya kjem over fjella, du skal aldri sjå igjen ho

V O L V O  P Å  R I N G E B U

I en Volvo ei mor og en far. Dei e på tur med en liten kar

I baksetet på eit fang. Du er på vei for for første gong. Å endelig so e du klar klar

 

I en Volvo på Ringebu. Der satt ho og der satt du

I baksetet i en PV. Så forelska at du kunne sveve. Ho var åtte og du var sju

(og et halvt)

 

Kjør på, reis dit du må

Og stopp når du har funne lykka

Kjør på, reis dit du må

Og bli der du må bli

I en Volvo i femtini

 

Du og ho hadde søndagsfri

Bak i en Amazon

På en rasteplas på Lom

«Eg og du» hadde blitt et «vi»

 

Der satt ho og der satt duEt ektepar så spente

I magen ei lita jente

Det første barnet i sekstisju

 

Kjør på, reis dit du må

Og stopp når du har funne lykka

Kjør på, reis dit du må

Og bli der du må bli

I en Volvo akkurat no

Der sitte du og ikkje ho

Du tenke reisa den er slutt

du ekkje lenger ein liten gutt

Det er over og du treng ro

 

Men kjør på reis dit du må

Og stopp når du har funne lykka

Kjør på, reis dit du må

Og bli der du må bli

Og bli der du må bli

 

A L T   D U  V E I T   E R  F E I L

Meg og mitt. Datt og ditt. Alt er gratis eller berre profitt. Strebe og slite eller jobbe lite. Her er alt du treng å vite.

Alt du veit er feil, ja. Alt du veit er feil

Snakke når du vil og lytte når du må. Bli litt lenger eller røise deg gå. Alt er sagt og alt er gjort. Landet er bygd og livet er kort. Slappe av heime eller ut å luske. Her er alt du treng å huske.

Alt du veit er feil

Snu i tide og grav deg ned. Du må ikkje fyre med fuktig ved. Kjøpe deg dame eller selge deg billig. Noken dei nektar og andre er villig. Lytte til far og lære av mor. Her er alt du treng av ord.

Alt du veit er feil….

MEDIO (E V I G  L I V  II )

Før foreldra mine var der to til. Ja, mange fleire. Men dei eg tenkjer på no skulle bli foreldra til mor mi. Eg sit og ser på dei akkurat no. Dei ser tilbake på meg frå falma foto

Dei er berre barn!Men desse to skal etterkvart finne kvarande og så bli foreldra til mor mi. Men det visste dei ikkje då

Då er ideen om kvarandre og barn berre luft. Eg ser på to som skal bli eitt, så mange fleire. Eg ser på på mormor og morfar, midt på 1930-talet, i forskjellige konfirmantkull, før dei vart vaksne, før dei vart kjærestar, før dei vart gifte, før dei gjorde slikt som voksne gifte folk fekk lov å gjere, slikt ein knisar av og syns er flaut å tenke på og snakke om før ein er gamal nok til å gjere det sjølv, før ein når denne alderen og så klarar knapt å tenke på og snakke om anna.

Eit falma foto før dei blir foreldre, før mor mi og fire til, før ein haug med barnebarn, før 29 oldebarn, før ho bli åleine etter han ho var eitt med, før det første tippoldebarnet som endå ikkje er komt. Det første tippoldebarnet.

Det første tippoldebarnet kjem, det også.

Ein gong. Akkurat no er det berre luft

Kanskje får mormora mi med seg dette også. Kanskje. Eg håpar. For sjølv om mormora mi nærmar seg tre siffer og brev frå kongen, og vi er heldige som har ho framleis, så blir det uansett altfor tidleg når ho ein gong går vekk. Alt for tidleg.

 

 

F E R G E M A N N

1 minutt for sein til ferga.

29 minutt å vente. Som er meir enn nok for spurvane som tiggar smular.

29 minutt til P1 og dei fine tonane frå noko mormora mi ville likt. Men strengen i meg sjølv er ustemt. Noke manglar. Eg er varm i toppen, men hjertet har blitt kaldt. 29 minutt til møtet mellom fjordar og fjell og der fjorden vinn. Og det er greit. Til møtet mellom vinter og vår, der sistemann er tidlig ute og førstemann aldri kom heilt i gong. Kvite toppar med grønt under. Skarp sol, så mørke skyer og tilbake igjen. Ein dans i lys og mørke. Slik livet er når ein grublar for mykje.

29 minutt. 29 minutt til å skrive ned orda. Nokre melankolske tankar, nokre lure, andre dumme, på ein smarttelefon. Tankar om at livet er greitt heilt fram til det ikkje er det. Og omvendt. Så veit eg kva som manglar for at strengen skal spele fint igjen:

Kaffi! Og kaffien skal få selskap av ei svele. Forholda ligg til rette for det. Og det er truleg alt som skal til for at hjertet kan klare seg på tomgang i kulda. Denne gongen. 29 minutt. Så er ferga tilbake. 1 minutt. Så mindre. Så om bord. Så ombord.

Alt er bra.

Sola og sjøen samarbeida om å tegne dansande englar i gult og kvitt på fjordflata. Dieselmotorane lagar rytmer som lokkar på Erik Bye på andre sida. Lukta av olje og sjø er som kjent den finaste parfyma. Og der inne ventar kaffi og svele. Alt er som det skal være. Men so tvilen. Denne følgjesvenen som særleg gjer seg til kjenne når alt er veldig

bra. For bra. Eg reiser ikkje så ofte denne vegen, så eg spør fergemannen sjølv om eg veit svaret. Trur eg.

– Du går til Lavik, ikkje sant?

– Nei, vi går til Rysjedalsvika!

Bak meg er porten nede for lenge sidan. Det hjelp ikkje at fyren smilar og syng både på vokalar og konsonantar. Eg er godt ute på den vidaste og lengste fjorden. Eg veit det er for seint. Englane dansar ikkje lenger, dei spottar. Erik Bye roterer på andre sida. Og det luktar av fossile brensel og råten sjø.

– Du kjem deg ikkje til Møre i kveld, sei fergemannen.

Eg har eigentleg gitt opp, men klyngar meg til det siste håpet.

– Du køddar, ikkje sant?

– Ja

 

T E N Å R I N G S J E N T E   I   F R O K O S T S A L E N  P Å  H O T E L L E T

No har eg observert deg ei stund. Ei vakker, men sur tenåringsjente i frokostsalen på hotellet. Eg ser den hengande geipen din. Eg ser at du syns foreldra dine oglillebroren din er kjedelege og teite. Løftar du blikket og ser på meg, en forretningsreisande under takvinduet der borte, så syns du sikkert at eg er kjedeleg og teit også. Ingen ser deg. No ser eg deg. Du blir ikkje forstått. Det forstår eg. Ein dag vil du forstå nesten alt

En dag vil du sjå alt meir klart. Men berre ikkje i dag

Du er ikkje åleine. Nesten kvar gong eg er ute og reiser ser eg den same familiesituasjonen. Akkurat slik. Akkurat no sit millionar av tenåringar og syns det samme som du. Eg har nyheiter til deg. Ingen vil truleg elske deg like høgt som foreldra dine. Ingen vil forstå deg bedre. Ingen vil ha større tolmodigheit med deg. Ingen vil ha større aksept for dei valga du gjer enn dei. Ein dag vil du forstå nesten alt
Ein dag vil du sjå alt meir klart. Men berre ikkje idag. Og når det gjeld han lillebroren din, så syns eg han virkar kul nok. Han har eit smilande ytre, humor og interesse for det du måtte ha å seie. Dette er eigenskapar du likar med andre gutar. Lik bror din også. Han kan bli den beste venen du nokon sinne har hatt, men det er først og fremst opp til deg. Lik han før han sluttar å like deg.

Ein dag vil du forstå nesten alt. En dag vil du sjå alt meir klart. Men berre ikkje i dag

Løftar du blikket, så ser du meg. Ein forretningsreisande på bordet under takvindauget. Eg har hatt det som du. Det er berre så lenge sidan. Men det er ikkje gløymt. Ein gong så sit du kanskje her eg sit og er 20 eller 30 år eldre og ser detsamme som meg. Då forstår du. Endelig. Det kjem til å gå bra. Du veit det berre ikkje endå.

Og du? Et opp maten din.

 

S O V E   N O

Sove no
Sove må
Sove alle barna små
Sove jente
Sove gutt
No er dagen slutt

Lille prinsesse
Lille prins
Du er den aller finaste som finns
Søte barnet
Lille skatt
No er det snart natt

Under dyna
Auget på gløtt
Før du sovnar og drøymer søtt
Heile nattaI senga di
Så våkner du og er blid

Gamle dame
Gamle mann
Åra gjennom fingrane dei rann
Langt om lenge

Er lenge nok
Livet det er godt

U L T I M O  ( E V I G  L I V ,  I I I )
Seinare er det min tur. Først til jord. Så til luft slik eg starta.
Så sitte kanskje nye barn, eller barnebarn, eller oldebarn eller tippoldebarn og ser på bilde av meg som liten. Før eg viste kva som venta meg. Kva som venta dei. Dei sit der og ser på meg og eg ser tilbake, sjølv om eg er luft.

Det er slik vi får evig liv.

Reklamer